Vaskeritjenester

I vaskeriet vårt kan du levere inn det meste av tøy/tekstilar for vask. Me vaskar dukar, tepper, gardiner, dyner, puter, dunjakker, soveposar, trekk til overmadrass o.l. Dukane vert rulla/stryka og bretta fint etterpå og du kan hente dei i vårt lokale. Bedrifter/ privatpersonar som vil vaske kjeledressa/arbeidstøy er også interessante for oss. Hestedekken til dømes kan også vaskast hjå oss. Me har utleige av kvite dukar. 

Kom innom oss på vaskeriet for levering.

Dalenvegen/ dalsvegen 30. 3890 Vinje

Ring 35077500 viss du har spørsmål. 

Me gjer merksam på at all vask føregjeng på eige ansvar.