Vår arbeidsplass

Kvito AS kan tilby arbeid og kvalifisering på fleire arbeidsarenaer. Over tid har me utvikla og utvida tilbodet slik at dei fleste arbeidstakarar vil finne ein arena i deira interesse, ein arbeidsarena som ein har høve til å vidareutvikle i det ordinære arbeidsliv. Kvito kan i dag tilby arbeid/arbeidstrening innan kantine, bakeri, konditori, vaskeri, butikk, tre/vedproduksjon, interiør- og møbelsnekring, kjemisk produksjon, kontor og transportnæring. Alle arenaene har ein utarbeidd fagplan der den enkelte arbeidstakar kan velje ut sine eigne kvalifiseringsoppgåver, t.d. praktiske oppgåver, kundebehandling, innkjøp, helse, miljø og sikkerhet, vedlikehald, materialkunnskap m.m. I tillegg vil arbeidstakarane få tilbod om fysisk trening, kostrettleling, økonomirettleling og ulike fagkurs.

Vaskeri

I Vinje har Kvito AS eit moderne barrierevaskeri som utfører vaskeritjenester av høg kvalitet til mange verksemder i lokalmiljøet. 

  Les mer

Ved og Tre

Kvito AS produserer ved både i Vinje, Kviteseid og Nissedal. I tillegg produserer vi hagemøbler, krakker, skål, små treartiklar, grensepinnar med meir.

  Les mer

Kakeringen

Kakeringen ligg i eit lite handelssenter i Åmot i Vinje. Her kan du få deg ein matbit, kose deg med is, kake eller konfekt.

  Les mer

Snekkeriet

Snekkeriet er lokalisert på Sundsmoen i Treungen, der vi, i tillegg til vedproduksjon, lagar møbler etter mål og andre ynskje frå den enkelte kunde. Vi tek også på oss oppdrag med å pusse ned og lakkere opp att dører, kjøkkenfrontar og liknande.

  Les mer

Hey`di produksjon

Her kommer snart mer informasjon.

  Les mer