Kvalitetspolitikk




  • Kvito AS skal vera ei nyskapande og innovativ kompetanseverksemd med mål om å levere dei beste attføringstenestene i Vest - Telemark. Vi vil kontinuerleg betre våre tenester til kundane slik at vi alltid vil vera eit fyrsteval. Vi vil til ei kvar tid ha den kompetanse som er naudsynt i høve til dei oppdrag vi skal utføre. Kvito AS vil arbeide for å sikre at ingen blir diskriminert og at det er lik fordeling mellom kjønn i faste stillingar og tillitsverv.


  • Kvito AS skal vera profesjonell i levering av tenester og halde seg oppdatert på nye krav og behov i marknaden. Vi vil bidra til positiv utvikling for samfunnet gjennom arbeidstakarens/jobbsøkarens aktive deltaking i arbeidslivet.


  • Kvito AS vil arbeide for å auke arbeidstakerens/jobbsøkarens sjølvstende, slik at vedkomande gjer eigne val mot ein auka livskvalitet. Vi vil også arbeide for å sikre arbeidstakaren/jobbsøkaren sine rettar gjennom informasjon, avtaler, regelverk og årlege evalueringer av deira rettar.


  • Kvito AS vil til ei kvar tid vera kvalitetssikra gjennom systemet Equass med revisjon og godkjenning kvart 3. år. Verksemda er sist revidert, og godkjent, i oktober 2017, neste revisjon kjem i oktober 2020.