Systoga


Systoga

Frå 14/7 kan du finne fleire små avdelingar av Systoga rundt i Vest- og Midt-Telemark. Her kan du levere klede som du ynskje å reparere, legge opp eller sy inn... det fins nesten ikkje begrensingar på kva Systoga kan ordne.

Nå kan du finne fleire små avdelingar av Systoga rundt i Vest- og Midt-Telemark. 

Her kan du levere klede som du ynskje å reparere, legge opp eller sy inn, med meir.

Når du kjem til dunken legg du kleda i ein rein pose, og legg ved eit skjema. Skjemaet finn du ved dunken, eller så spør du betjeninga på den aktuelle staden, fyll ut skjemaet som beskrive, og legg alt i same pose. På side 2 av skjemaet står alt du treng å vite om både innlevering og utlevering.

I startfasa vil me hente innhaldet i dunken minst ein gong kvar annan veke, hentefrekvensen må me prøve oss ut på. Returnerte plagg blir levert ut fortløpande.

Når plagget er mottatt vil reparatøren på Systoga kontakte deg ved spørsmål i bestillinga, eller dersom prisen blir anslått å vere høg. Ved forhåndsbestemte prisar vil reparatøren kontakte deg når plagget er ferdig, og på veg til returpunktet (same stad som du leverte inn vara).

Me vil minne på at Kvito ikkje er erstatningspliktige dersom poser kjem på avvege eller klede blir øydelagt.

Håpar DU vil nytte deg av tilbodet!

Tusen takk til alle som har bidratt, og ynskjer at dette skal lukkas.

Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida