Nye mogleghetar med ekspertbistand
Nyttig bistand
KVITO AS har lang erfaring med å finne inn til kjerna av problemet hjå sjukemelde og finne berekraftige løysningar. Når ein arbeidstakar har langvarige eller tilbakevendande sjukdomsforløp, kan det til tider vere vanskeleg å finne vegen vidare. Ein kan gjere mykje sjølv i bedrifta, men når desse moglegheitene er brukt opp, og det fortsatt er ei oppleving av å stå fast, kan ekspertbistand vere eit godt tilbod å nytte seg av. Eksperten frå KVITO AS er godkjend av NAV og samarbeider både med arbeidsgjevar og arbeidstakar for å finne nye vinklar og perspektiv.
Bevisstgjering og løysingar
KVITO AS byrjar ekspertbistanden med ei samtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar er involvert i heile prosessen. Etter den fyrste samtala fortset eksperten med utdjupande samtaler med arbeidstakar, der målet er å oppdage interesser og preferansar hjå ho/han. Det blir god plass til refleksjonar gjennom fleire samtaler. Det blir snakka om kva forventningar arbeidsgjevar har, og kva arbeidstakar er i stand til å levere. Saman med eksperten blir det også snakka om kva som fungerer, helse, verdiar og livet generelt for å finne ut kva som gjev energi, både heime og på jobb. Heilhetsperspektivet er viktig for å finne tilbake til meistringsfølelsen.
Samtykke & einighet
Det vil alltid bli spurt om arbeidstakaren ynskjer å nytte ekspertbistanden. Det blir aldri gjort noko utan at både arbeidsgjevar og arbeidstakar er einige og samtykker til det. Ekspertbistanden er eit nøytralt tiltak, der eksperten har som si oppgåve å finne løysningar som er gode for både arbeidsgjevar og arbeidstakar.
Beredyktige løysingar & vegen vidare
Tiltaket blir avslutta med ein rapport som inneheld konkrete forslag til tiltak. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar skriv under på rapporten. Tiltaka kan til dømes vere tilrettelegging i utføring av oppgåver, eller arbeid på andre tidspunkt. Det kan vere at det manglar opplæring, eller at arbeidstakar har behov for endring av arbeidsoppgåver. Val av tiltak kjem heilt an på utfordringa til den enkelte arbeidstakar på arbeidsplassen. Det kan vere at bedrifta opplever at det er behov for vidare oppfylging etter at ekspertbistandstiltaket er ferdig og rapporten er signert. I desse tilfella kan bedrifta sjølv velje å fortsette med same ekspert på eige budsjett. Så lenge det er nyttig, og både arbeidstakar og arbeidsgjevar har utbytte av tiltaket, kan det vere fornuftig å fortsette.
Tilskotet til ekspertbistand er enkelt å søkje om, gjennom nav.no.
Rekruttering og hospitering
Kvito AS samarbeider med arbeidsgjevarar som har mot til å la andre lykkast. Me har god kunnskap om lokalt næringsliv. Vi har lang og god erfaring i arbeidet med å finne jobbmatch mellom arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar. Ved å samarbeide med oss kan du derfor få hjelp til å tilsette dei rette personane.
Nokre av fordelane vi tilbyr deg som arbeidsgjevar: