Avdeling Vinje og Tokke
Våre arenaer vert nytta til arbeidstrening for ulike tiltak i Kvito.
Me tilbyr tilbyr ordinære arbeidsoppgåver innan vedbearbeiding, trebearbeiding, monteringsarbeid, kantinedrift, vaskeridrift, bakeri, mathandsamning og kundehandsaming.
Me kan gje opplæring i bruk av diverse maskiner knytt til vedproduksjon, trearbeid, monteringsarbeid og matlaging.
Me legg tilrette for individuelle behov, og tilbyr varig tilrettelagt arbeid med stor variasjon.
 
Produksjonar:
- Ved

Opningstider: kl 08.00 - 15.30
Kakeringen er ope måndag til laurdag, kl 10.00 - 15.00

Historien om veden og Kvito AS

Ved er noko verksemda har drive med lengst sidan Kvito starta som arbeids – og inkluderingverksemd. Kvart år så kappar, kløyver, pakkar og sel Kvito om lag 400 pallar (8 000 sekkar) med ved. Veden er bjørk og blir kjøpt i stokkar av AT Skog, mykje av tømmeret kjem frå Agder fylke.
 
Arbeidet blir utført av arbeidstakarar i Kvito som brukar vedmaskin av type Kinsarvik Kubikk i arbeidet. Dette er ei moderne vedmaskin og som har stor kapasitet, men det er litt begrensning på kor tjukke stokkar han kan ta. Så av og til må ein kappe og kløyve for hand. Vedmaskina er frå 2011.
 
Etterspurnaden etter ved svingar med årstidene og kor «harde» vintrane blir, men det er ei populær vare og mange likar framleis å fyre med ved og få «bålfølelsen» med det. Du kan følgje litt med på vedtilbodet på vår side på Facebook. Ellers så er det mykje på ryktebørsen at me blir marknadsført og slik me sel veden. Primærområdet for salet vårt er Tokke og Vinje, men me sel også utanfor dette området. Viss du har problem med å få transportert veden til deg, så kan me hjelpe til med dette. Me har ein varebil med tilhengar som me brukar til å transportere ut veden til kundane med viss dei spør om dette. Du betalar litt for dette per km, for å dekkje våre bensinkostnader med dette. Me sel i einingane sekk (40 liter), pall (24 sekkar) og storsekk på pall.
 
Vedarbeid er populært blant våre arbeidstakarar, og er eit arbeid mange trivst med. Du får brukt kroppen din og det er veldig målbart. Det er berre å telje sekkar så ser du lett framgangen du har hatt denne dagen.

Tilsette


Kari Årlid

Tilretteleggar
Kantine
Ansvarleg for lærekandidatordninga

Hanne Gudrun Lund Betten

Tilretteleggar
Tre og ved

Kjetil Midtgarden

Tilretteleggar
Tre og ved

Guro Eriksen Ormestøyl

Avdelingsleiar Vinje og Tokke
Tiltaksansvarleg for VTA

Åse Veslestaul Hagen

Tilretteleggar
Vaskeriet
Produksjonsansvarleg på vaskeriet

Åshild Lofthus

Tilretteleggar
Vaskeriet og Hey'di

Liv Midtveit

Tilretteleggar
Kakeringen
Hovudverneombud

Madeleine Ek

Tilretteleggar
Kakeringen

Marit Gravir

Tilretteleggar
Kakeringen
Produksjonsansvarleg på bakeriet

Alf Morten Volhovd

Tilretteleggar
Tre og ved

Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida