Hey'di produksjonen

Hey’di leverer eit stort spekter av varierte produkt for tetting, vedlikehald og overflatebehandling av mur og betong.

På Dalen tek vi imot nokre ferdigblanda produkt, som vi tappar frå store fat og over på mindre flasker og behaldarar. I tillegg får vi ublanda råmateriale som vi blandar etter bestemte oppskrifter, før vi tappar desse også på behaldarar.

Deretter merker vi flasker og behaldarar med etikettar, og pakkar dei, før dei blir frakta ut til kundar.  

Vi bryr oss om ditt personvern

Vi bruker ingen av dine data på denne siden