Målet for arbeids- og inkluderingsjobben i Kvito er å kvalifisere deltakarane til det ordinære arbeidsliv. Kvito tek utgangspunkt i den enkelte sine behov: Kartlegg, avklarar og legg til rette for utvikling som fører til at fleire kjem i ordinært arbeid.
Kvito har eit tverrfagleg miljø, gode kvalifiseringsarenaer, og eit omfattande nettverk mot næringslivet og det offentlege, som vert nytta til det beste for arbeidssøkjarane.
Kvito ynskjer å vera ei bru mot arbeidslivet slik at fleire kjem i arbeid og aktivitet,
til det beste for den enkelte og for samfunnet.

Våre arbeidsmarkedstiltak

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Kvito AS har 32 varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) som gjev tilbod om eit varig arbeid til personar med behov for særskild tilrettelegging. Desse arbeidsplassane er knytt til våre arbeidstreningsarenaer som er lokalisert sentralt i alle eigarkommunar. Kvito eig og driv mellom anna vaskeri, kantine, kafe, snekkeri og vedproduksjon. I varig tilrettelagt arbeid skal vi arbeide med å kvalifisere den enkelte for arbeidslivet, gjennom avklaring, arbeidstrening, vekst og utvikling. Det er inga tidsavgrensing om du har fått plass i VTA, du blir tilsett i Kvito AS, og får ei skriftleg arbeidsavtale.

Kommunal VTA

I tillegg til dei statlege VTA-plassane me har (som nemnt over) kjøper kommunane eigne VTA-plassar. Me har for tida 8 slike plassar i Kvito. Tiltaket er likt som for det statlege VTA-tiltaket.

Arbeidsforberedande trening (AFT)

AFT er tiltaket for deg som saman med ein jobbkonsulent ynskjer å finne ut kva veg som passar godt for deg nå. I dette tiltaket kan du kvalifisere deg til noko heilt nytt som du likar og kan få til, eller du kan få rettleiing og hjelp til å finne ut korleis du kan jobbe innanfor fagfeltet ditt på ein måte som passar for deg. Vi har ekspertisen på rettleiingsverktøy og arbeidsmarknaden, og du har ekspertisen på dine behov. Saman kan vi skape nye moglegheiter. Tiltaket varer i utgangspunktet i eitt år, men kan forlengast etter avtale med NAV.

Avklaring

Avklaring er tiltaket der vi saman har fokus på kva du ynskjer å jobbe med – og kva som skal til for at du får til dette. Vår filosofi er at du som er i Avklaring skal bli sett og forstått som den du er. Vi nyttar vår kunnskap og erfaring til å finne dei moglege vegane å gå. Vår kompetanse på endringsprosessar, rettleiing og jobbmarknaden skal kome deg til gode. Saman finn vi fram til den beste løysinga for deg. Tiltaket varer i utgangspunktet i fire veker, men kan forlengast etter avtale med NAV. Tolv veker er maksimum tid.

Oppfølging

Oppfølging er tiltaket vi tilbyr til deg som berre manglar det vesle ekstra, før du kjem i arbeid. Kanskje du allereie er i jobb, men det er noko som er vanskeleg. Då kan vi, som jobbkonsulentar, hjelpe deg å finne dei moglege vegane å gå for å stå stødig i jobben. Vår kompetanse og erfaring med menneskje, nettverk og jobbmarknaden skal kome deg til gode. Saman finn vi den beste løysinga for deg i jobben din. Dette gjer vi ved saman å finne fram til dine ressursar og interesser, alltid med dine mål for auga. Tiltaket varer i utgangspunktet i seks månader, men kan forlengast etter avtale med NAV.

Restart

Restart er eit tilbod for deg som treng å finne ut meir om kven du er, kva du vil i livet og kva du ynskjer av hjelp til å kome deg dit du ynskjer. Dette tiltaket kan du få dersom din kommune tilbyr det. Då byrjar vi akkurat der du opplever å vere. Saman finn vi ein veg å gå, også når du ikkje synest det er nokon veg i det heile tatt. Ressursane er inni deg, saman finn vi fram til dei og brukar dei til å gå vidare saman. Tiltaket finst berre i Nissedal kommune. Det varer i utgangspunktet i seks månader, men kan forlengast etter avtale med NAV.

Ekspertbistand

Nye moglegheitar med Ekspertbistand: Ekspertbistand kan vere akkurat den hjelpa som skal til for å hjelpe ein sjukemeldt medarbeidar frå å stå fast, til å føle meistring. Tilskottet til Ekspertbistand er enkelt å få til gjennom nav.no NAV kan innvilge opptil kr. 20 000 til ekspertbistand, for at ein ekspert kan fylgje opp den sjukemeldte medarbeidaren med fokus på hans eller hennar spesifikke utfordringar. Kvito tilbyr ekspertbistand på bakgrunn av lang og spesialisert erfaring med å finne løysningar for å få tilbake meistringsfølelsen. Når ein medarbeidar har langvarige eller tilbakevendande sjukdomsforløp, kan det til tider vere vanskeleg å finne vegen vidare, her kan ekspertbistand vere eit nyttig tilbod. Eksperten frå Kvito er godkjent av NAV og samarbeider med både arbeidsgjevar og arbeidstakar for å finne nye vinklar og perspektiv. Ekspertbistand er eit nøytralt tiltak, der eksperten har som si oppgåve å finne beredyktige løysningar, som fungerer best mogleg for alle.

Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida