Karriererettleiing, opplæring og kvalifisering

Kvito har godt kvalifiserte karriererettleiarar, jobbkonsulentar og tilretteleggarar. Vi nyttar velprøvde og bransjegodkjende verktøy og kartleggingsmetodar. 

Målet er å: sjå nye moglegheiter i jobb, studium og fritida,
fremje motivasjonen din, meistringa di og engasjementet ditt,
skape ein meiningsfull kvardag der du får overskot til å takle både små og store utfordringar.
 

Vi nyttar erfaring, nettverk og verktøy til din fordel

In Flow 24 er eit profil- og samtaleverktøy som kartlegg verdiar, interesser og personlege preferanser. På ein systematisk og interaktiv måte kan du utforske eigne interesser og moglegheiter innanfor ulike yrke. Verktøyet har fokus på 24-timarsmennesket og kartlegg friskfaktorar og dine kjelder til overskot og arbeidsglede.

Hospiteringsavtale er ein avtale med ei bedrift om at du skal få prøve deg ut der i ein periode. Då lagar vi ei hospiteringsavtale med den bedrifta, der vi avtalar kva du skal gjere der, kor ofte du skal møte og kor lange arbeidsdagar du skal ha. Dette er ein måte å kjenne på arbeidslivet att, og kan bli byrjinga på ein karriere i denne verksemda for deg. 

Jobpics – biletbasert kartlegging av interesser, godt eigna ved lesevanskar.

Trivselskartlegging (SCI-A) er eit verktøy som mellom anna hjelper deg til å få oversikt over dine erfaringar frå skule og arbeid. Det er eit intervjubasert kartleggingsverktøy av personleg styrke basert på faktorane: Emosjonell – ekstroversjon – åpenhet – empatisk- planmessighet. Kartlegginga legg vekt på å finne ut av kva som har gitt deg trivsel, kva du har opplevd å meistre og kva som eventuelt ikkje har vore så positivt for deg.

Rådgjevaren er eit kartleggingsverktøy som kan hjelpe deg å finne ut kva slag ferdigheiter og utfordringar du har når det gjeld lesing, skriving og rekning. Kartlegginga blir gjort i samarbeid med ein jobbkonsulent, i ein roleg og trygg atmosfære som gjev deg tid og rom for å gjere kartlegginga i ditt tempo.

Motiverande intervju (MI), også kalla motiverande samtale, er ein effektiv og empatisk metode for samtaler om endring, motivasjon og meistring. Vi gjennomfører konstruktive samtaler, der du som deltakar får høve til å fortelje di eiga historie og vurdere om det er noko du vil endre. Det er også du som deretter tenkjer ut korleis du best kan få det til, saman med jobbkonsulenten.

AI-læring er ei digital opplæringsplattform som du får tilgang til når du er i eit tiltak ved Kvito AS. På denne plattforma vil du finne kurs som du kan gjennomføre i eit tempo som passar deg. Kurstilbodet er eit omfattande supplement til andre gruppe- og opplæringstiltak. 

Arbeidsevnekartlegging ROS – Rehabilitering i Ordna System.

Yrkesretta kurs om til dømes:

- Jobb i daglegvarehandel og barnehage.

- Jobbsøkarprosessar: CV/søknad/intervju.

- Digitale ferdigheiter, å kunne bruke IT-hjelpemiddel.

Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida