Våre attføringstenester

Målet for arbeids- og inkluderingsjobben i Kvito er å kvalifisere deltakarane til det ordinære arbeidsliv. Kvito tek utgangspunkt i den enkelte sine behov: Kartlegg, avklarar og legg til rette for utvikling som fører til at fleire kjem i ordinært arbeid. Kvito har eit tverrfagleg miljø, gode kvalifiseringsarenaer, og eit omfattande nettverk mot næringslivet og det offentlege, som vert nytta til det beste for arbeidssøkjarane. Kvito ynskjer å vera ei bru mot arbeidslivet slik at fleire kjem i arbeid og aktivitet til det beste for den enkelte og for samfunnet.

På Kvito AS er det rettleiarar, coachar og jobbkonsulentar som er klare for å finne fram til dine ressursar og evner i relasjon til jobb.  Vi har fleire arbeidsretta tiltak, som du kan velje mellom.

AFT er tiltaket for deg som saman med ein rettleiar ynskjer å finne ut kva veg som passar godt for deg nå. I dette tiltaket kan du kvalifisere deg til noko heilt nytt som du likar og kan få til, eller du kan få rettleiing i samband med å finne ut korleis du kan jobbe innanfor fagfeltet ditt på ein måte som passar for deg.

Vi har ekspertisen på rettleiingsverktøy og arbeidsmarknaden, og du har ekspertisen på dine behov. Saman kan vi skape nye moglegheiter.


 

Avklaring er tiltaket der vi saman har fokus på kva du ynskjer å jobbe med – og kva som skal til for at du får til dette. Vår filosofi er at du som er i Avklaring skal bli sett og forstått som den du er. Vi nyttar vår kunnskap og erfaring til å finne dei moglege vegane å gå. Vår kompetanse på endrings-prosessar, rettleiing og jobbmarknaden skal kome deg til gode. Saman finn vi fram til den beste løysinga for deg.


 

Oppfølging er tiltaket vi tilbyr til deg som berre manglar det vesle ekstra, før du kjem i arbeid. Kanskje du tilmed allereie er i jobb, men det er noko som er vanskeleg. Då kan vi, som rettleiarar, hjelpe deg å finne dei moglege vegane å gå for å stå stødig i jobben.

Vår kompetanse og erfaring med menneskje, nettverk og jobbmarknaden skal kome deg til gode. Saman finn vi den beste løysinga for deg i jobben din. Dette gjer vi ved saman å finne fram til dine ressursar og interesser, alltid med dine mål for auga.


 

ingressimage_1655106-medium.jpg



Restart er eit tilbod for deg som treng å finne ut meir om kven du er, kva du vil i livet og kva du ynskjer av hjelp til å kome deg dit du ynskjer. Dette tiltaket kan du få dersom din kommune tilbyr det. Då byrjar vi akkurat der du opplever å vere. Saman finn vi ein veg å gå, også når du ikkje synest det er nokon veg i det heile tatt. Ressursane er inni deg, saman finn vi fram til dei og brukar dei til å gå vidare saman.
 

Ekspertbistand er eit tilbod for deg som kjenner at det er noko som ikkje fungerer for deg på jobben. Kanskje ikkje noko stort, men likevel noko som gjer at du ikkje finn den same arbeidsgleda som før. Kanskje det gjer deg trøtt, sjuk, lei deg, sint eller umotivert. Dette kan vi hjelpe deg med. Vi kan tilby deg eksperthjelp innan rettleiing og coaching. Saman kan vi finne ut kva som ikkje heilt er i rett rytme på jobben. Vi kan sette fokus på deg i samtaler og samtidig snakke med arbeidsgjevar eller andre som er med på å skape ditt arbeidsmiljø. Saman kan vi finne ei løysing som aukar di arbeidsglede.
 

Dine val – vår erfaring

Vi nyttar erfaring, nettverk og verktøy til din fordel.

VIP 24 er eit nettbasert verktøy, til bruk i utforskinga av dine verdiar, interesser og personlege preferanser. På ein systematisk og interaktiv måte kan du utforske eigne interesser og moglegheiter innanfor ulike yrke.

Hospiteringsavtale er ein avtale med ei bedrift om at du skal få prøve deg ut der i ein periode. Då lagar vi ein hospiteringsavtale med den bedrifta, der vi avtalar kva du skal gjere der, kor ofte du skal møte og kor lange arbeidsdagar du skal ha. Dette er ein måte å kjenne på arbeidslivet att, og kan bli byrjinga på ein karriere i denne verksemda for deg.

Trivselskartlegging (SCI-A) er eit verktøy som mellom anna hjelper deg til å få oversikt over dine erfaringar frå skule og arbeid. Kartlegginga legg vekt på å finne ut av kva som har gitt deg trivsel, kva du har opplevd å meistre og kva som eventuelt ikkje har vore så positivt for deg.

Rådgjevaren er eit kartleggingsverktøy som kan hjelpe deg å finne ut kva slag ferdigheiter og utfordringar du har når det gjeld lesing, skriving og rekning. Kartlegginga blir gjort i samarbeid med ein jobbkonsulent, i ein roleg og trygg atmosfære som gjev deg tid og rom for å gjere kartlegginga i ditt tempo.

Motiverande intervju (MI), også kalla motiverande samtale, er ein effektiv og empatisk metode for samtaler om endring, motivasjon og meistring. Vi gjennomfører konstruktive samtaler, der du som deltakar får høve til å fortelje di eiga historie og vurdere om det er noko du vil endre. Det er også du som deretter tenkjer ut korleis du best kan få det til, saman med jobbkonsulenten.

AI-læring er ei digital opplæringsplattform som du får tilgang til når du får tilbod frå Kvito. På denne plattforma vil du finne kurs som du kan gjennomføre i eit tempo som passar deg. Kurstilbodet er eit omfattande supplement til andre gruppe- og opplæringstiltak. Det faglege innhaldet omfattar mellom anna:

Yrkesretta kurs om for eksempel:

Jobb i daglegvarehandel og barnehage.

Jobbsøkarprosessar: CV/søknad/intervju.

Digitale ferdigheiter, å kunne bruke IT-hjelpemiddel.

Kvito AS



Order Name Type Note  
1 HANDBOK VTA 2020 PDF

Kvito AS

Downoad
2 Deltakarinformasjon jobbfokus PDF

Kvito AS

Downoad
3 Huset Kvito, samla PDF

Kvito AS

Downoad

Diverse

Kvito as

Order Name Type Note  
1 Etiske retningsliner PDF

Kvito as 2020

Downoad
1 Personvernerklæring PDF

2020

Downoad
2 Rettighetsdokument PDF

Kvito

Downoad
4 Klageskjema PDF

Kvito

Downoad
Vi bryr oss om ditt personvern

Vi bruker ingen av dine data på denne siden