Konsernet Kvito
 
Grunna naudsynt omstrukturering, etter nye retningslinjer frå NAV, har Kvito AS delt drifta si i to selskap gjeldande frå 1. januar 2022. 

Fleirtalet av dei tilsette og ein stor del av drifta er flytt over til det nyoppretta selskapet Kvito Utvikling og Arbeid AS. Administrasjon, eigedom/utleige og andbodsutsette tenester (som t.d. avklaring, oppfølging og ekspertbistand) kjem framleis til å ligge under Kvito AS.

 

Under ligg detaljert informasjon om dei to ulike selskapa. 

Kvito Utvikling og Arbeid AS
I dette selskapet inngår fylgjande

  • Førehandsgodkjend tiltaksleverandør for NAV for tiltaka: Arbeidsførebuande trening (AFT) og varig tilrettelagt arbeid (VTA)
  • Kommunale tiltaksplassar: kommunal varig tilrettelagt arbeid (K-VTA), Menneskje I Aktivitet (MIA) og Restart.
  • Alle våre arbeidsarenaer 

Fakturainformasjon og postadresse
Faktura sendast som EHF. Org.nr for EHF mottak er: 928 155 277
Faktura kan også sendast som PFD-vedlegg til fakturaadresse kvitoutvikling@faktura.poweroffice.net
Det er viktig at faktura blir sendt til korrekt selskap, og merkt med bestillar sitt namn. Ein slik framgangsmåte sikrar raskare behandling av faktura, og at betaling skjer til rett tid. 

Vi har sendt ut mail til våre leverandørar ang. endring av org.nr og faktureringsadresse, og vi ber alle våre eksisterande leverandørar om å opprette nye kundenummer for oss.

Postadresse: Kvito Utvikling og Arbeid AS, Dalsvegen 28, 3890 Vinje

Våre besøksadresser
Avdeling Vinje og Tokke:
Tre-ved: Dalsvegen 28, 3890 Vinje
Vaskeriet: Dalsvegen 30, 3890 Vinje
Kakeringen: Vinjevegen 200, 3890 Vinje

 
Avdeling Kviteseid og Nissedal:
Ved og Ymist: Dalanvegen 4, 3850 Kviteseid
Snekkeriet: Sundsmoen 41, 3855 Treungen
 
 
 
Kvito AS
I dette selskapet inngår fylgjande
  • Administrasjon
  • Anbodsutsette tiltak frå NAV: Avklaring, Oppfylging og Ekspertbistand
  • Eigedom og utleige

Fakturainformasjon
Faktura sendast som EHF. Org.nr for EHF mottak er: 971 172 207
Faktura kan også sendast som PFD-vedlegg til fakturaadresse kvito@faktura.poweroffice.net

 
Det er viktig at faktura blir sendt til korrekt selskap, og merkt med bestillar sitt namn. Ein slik framgangsmåte sikrar raskare behandling av faktura, og at betaling skjer til rett tid. 
 
Postadresse: Kvito AS, Dalsvegen 28, 3890 Vinje
 
Hovudkontor
Dalsvegen 28, 3890 Vinje
 
Jobbfokus sine lokasjonar
Dalsvegen 28, 3890 Vinje
Storvegen 42, 3880 Dalen
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Dalanvegen 4, 3850 Kviteseid
Sundsmoen 41, 3855 Treungen
Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida