Om Kvito AS


Kvito AS er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi byggjer på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke og Nissedal. 

Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet,
i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.

Vår visjon er arbeidsglede. Med dette meiner vi at alle har rett til arbeid og ein meiningsfylt kvardag, der arbeidsglede skal vera hovudfokus både for tilsette og arbeidstakarar/jobbsøkarar.

Våre grunnleggande verdiar er tillit, toleranse og tryggleik, og med desse meiner vi:

Tillit - Vi vil arbeide aktivt for å bygge tillit til kvarandre og til lokalsamfunnet, slik at vi skal kunne utgjera ein forskjell for den enkelte.

Toleranse - Vi har tru på at alle har ein plass i arbeidslivet og vi vil arbeide aktivt både internt og eksternt for å skape større toleranse, slik at fleire kan oppleve det.

Tryggleik - Vi vil gjennom vårt samarbeid med den enkelte skape den tryggleiken som må til for å lykkast med å ta neste steg på vegen til arbeid.

Kvito AS har desse eigarane:

Vinje kommune

Tokke kommune

Kviteseid Kommune

Nissedal Kommune

Styret

Styret er samansett av ein representant frå kvar kommune og ein representant for dei tilsette.

I 2021 sit desse i styret:

  • Sverre Sæter - Nissedal kommune, styreleiar
  • Venke Bakke - Tokke kommune, nestleiar
  • Hans Kristian Aabø - Kviteseid kommune
  • Svein Kostveit - Vinje kommune
  • Ursula van Dam - representant for dei tilsette

Kvito AS sin kvalitetspolitikk

Kvito AS skal...

  • vera ei nyskapande og innovativ kompetanseverksemd med mål om å levere dei beste attføringstenestene i Vest-Telemark.
  • kontinuerleg betre sine tenester til kundane slik at vi alltid vil vera eit fyrsteval.
  • til ei kvar tid ha den kompetanse som er naudsynt i høve til dei oppdrag vi skal utføre, og kontinuerleg legge til rette for kompetanseheving for våre tilsette.
  • arbeide for å sikre at ingen blir diskriminert og at det er lik fordeling mellom kjønn i faste stillingar og tillitsverv.
  • vera profesjonell i levering av tenester og halde seg oppdatert på nye krav og behov i marknaden.
  • bidra til positiv utvikling for samfunnet gjennom arbeidstakarens/jobbsøkarens aktive deltaking i arbeidslivet.
  • arbeide for å auke arbeidstakarens/jobbsøkarens sjølvstende, slik at han/ho gjer eigne val mot ein auka livskvalitet.
  • arbeide for å sikre arbeidstakaren/jobbsøkaren sine rettar gjennom informasjon, avtaler, regelverk og årlege evalueringar av deira rettar.
  • til ei kvar tid arbeide i tråd med gjeldande HMS-lovgjeving.
  • ha ein god miljøprofil i val av materiale, sortering av avfall, bruk av ressursar, og gjennom arbeidet ta godt vare på miljøet og menneskja. Vi har vedtatt at vi vil bli sertifisert som Miljøfyrtårn, seinast i løpet av 2022.
  • til ei kvar tid vera kvalitetssikra gjennom sertifisering i det europeiske kvalitetssikringssystemet Equass.

 

Relevante dokument

Kvito AS



Til nedlastning

Kvito AS

Order Name Type Note  
1 Årsmelding Kvito 2020 PDF

Kvito AS

Downoad
2 Huset Kvito PDF

Kvito AS

Downoad
Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida