• NAV kan gje tilskot til ekspertbistand på opptil 20.000 kr.

  • Arbeidsgjevar må søke NAV om ekspertbistand før tiltaket settjas i verk.

  • Ekspertbistand kan gjevas forebyggande, for å unngå at ein arbeidstakar blir sjukemeldt på nytt.

  • Ekspertbistanden kjem i tillegg til det verksemda eller bedriftshelsetjenesta kan gjere sjølv.

  • Ekspertbistand kan leveras av karriereveileiarar eller andre med god kunnskap om kva som krevjas på ulike arbeidsplassar.

  • Bedrifta og eksperten må vere godkjent av NAV for å levere tiltaket.


Ekspertbistand er enkelt å få til. Gjennom nav.no fyller arbeidsgjevar ut eit enkelt skjema, og får direkte tilgang på søknad om ekspertbistand. NAV kan innvilge opptil 20 000 kr for å fylgje opp den sjukemeldte arbeidstakar, med fokus på hennar eller hans spesifikke utfordringar. Ekspertbistand kan vere akkurat den hjelpa som skal til, frå at ein sjukemeldt arbeidstakar står fast, til at ho/han føler meistring.


KVITO har lang erfaring med å finne inn til kjerna av problemet hjå sjukemeldte og finne berekraftige løysningar. Når ein arbeidstakar har langvarige eller gjentakande sjukdomsforløp, kan det til tider vere vanskeleg å finne vegen vidare. Ein kan gjere mykje sjølv i bedrifta, men når desse mogleghetane er brukt opp og det fortsatt er ein oppleving av å stå fast, kan ekspertbistand vere eit nyttig tilbod å nytte seg av. Eksperten frå KVITO er godkjent av NAV og samarbeider både med arbeidsgjevar og arbeidstakar for å finne nye vinklar og perspektiv.


KVITO byrjar ekspertbistanden med ein samtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar er involvert i heile prosessen. Etter den fyrste samtala fortsett eksperten med utdjupande samtaler med arbeidstakar, der målet er å oppdage interessar og preferansar hjå ho/han. Det blir god plass til refleksjonar gjennom fleire samtaler. Det blir snakka om kva forventningar arbeidsgjevar har, og kva arbeidstakar er i stand til å levere. Saman med eksperten snakkas det også om fungering, helse, verdiar og livet generelt for å finne ut kva som gjev energi, både heime og på jobb. Heilhetsperspektivet er viktig for å finne tilbake til meistringsfølelsen.


Det vil alltid bli spurt om arbeidstakaren ynskjer å nytte ekspertbistanden. Det blir aldri gjort noko utan at både arbeidsgjevar og arbeidstakar er enige og samtykker til det. Ekspertbistanden er eit nøytralt tiltak, der eksperten har som sin oppgåve å finne løysningar som er gode for både arbeidsgjevar og arbeidstakar.


Tiltaket avsluttas med ein rapport som inneheld konkrete forslag til tiltak. Både arbeidsgjevar og arbeidstakar skriv under på rapporten. Tiltaka kan til dømes vere tilrettelegging i utførelse av oppgåver, eller arbeid på andre tidspunkt. Det kan vere at det manglar opplæring, eller at arbeidstakar har behov for endring av arbeidsoppgåver. Val av tiltak kjem heilt ann på utfordringa til den enkelte arbeidstakar på arbeidsplassen. Det kan vere at bedrifta opplever at det er behov for vidare oppfylging etter ekspertbistandstiltaket er ferdig og rapporten er signert. I desse tilfella kan bedrifta sjølv velge å fortsette med same ekspert på eige budsjett. Så lenge det er nyttig, og både arbeidstakar og arbeidsgjevar har utbytte av tiltaket, kan det vere fornuftig å fortsette.

Tilskotet til ekspertbistand er enkelt å få til gjennom nav.no. KVITO tilbyr ekspertbistand på bakgrunn av lang og spesialisert erfaring med å finne fram til beredyktige løysningar for å finne tilbake til meistringsfølelsen

Vi bryr oss om ditt personvern

Vi bruker ingen av dine data på denne siden