KVITO AS OMDANNAR SEG TIL KONSERN FRÃ… 1. JANUAR 2022

Jan 12, 2022 at 12:53 pm


Grunna naudsynt omstrukturering, etter nye retningslinjer frå NAV, har Kvito AS delt drifta i to selskap. Dette medfører at store delar av aktivitet knytt til attføring er skilt ut i nytt selskap med oppstart frå januar 2022. Fleirtalet av dei tilsette og ein stor del av drifta er flytt over til det nyoppretta selskapet Kvito Utvikling og Arbeid AS. Administrasjon, eigedom/utleige og andbodsutsette tenester (som t.d. avklaring, oppfølging og ekspertbistand) kjem framleis til å ligge under Kvito AS. Vi vil framleis halde til på same adresser som tidlegare, og vi vil framleis vere «gode gamle» Kvito.
 
For meir informasjon klikk her.
 
Vi arbeider framover mot våren med å oppdatere våre retningslinjer, dokument, heimesider og sosiale media mm. Dette vil diverre ta litt tid, og vi ber om at de har tolmod med oss. Har de spørsmål må de gjerne ta kontakt med oss på mail eller telefon (mail: post@kvito.no // tel: 35 07 75 00) eller ta direkte kontakt med den kontaktpersonen du allereie har i Kvito.
Me bryr oss om ditt personvern

Me bruker ingen av dine data på denne sida